Svein Trædal
(1956-2001)

Teknikk og kunst

 

Sveins
 hjemmeside
 (anno 2000)
med:


Trædals-slekta

og

Fotosamlingen

Minneord


(Sveins hjemmeside
med hans
malerier er
ute av drift)

Om kvelden 12. januar kom meldinga om at Svein Trædal var død, etter lang tids sjukdom. Meldinga kom såleis ikkje uventa, og ein trudde seg vel budd på utfallet, men slik er det aldri, først når vona er definitivt ute forstår ein kor botnlaust saknet er og vil verta for all framtid, sjølvsagt først og fremst for kona Elisabeth, borna Solveig (13 år), Stian (11) og Ingunn (8 1/2), og mora Hilda, og for slekta elles, men også for alle i den store krinsen av venner og kjente.

Svein Trædal vart fødd 16. juli 1956 i Trædalen ved Ikjefjorden i Høyanger sør, tidlegare Lavik herad. Han utdanna seg til dykkar og ingeniør, tok flysertifikat, arbeidde m.a. med undervass-sveising og djupdykking i Nordsjøen, var ei stund tilsett i Veritas og i seinare år i Statoil. Alt denne delen av CV-en hans vitnar om allsidige evner, men Svein Trædal søkte også utfordringar utanom yrkeslivet. Han var mellom dei første til å skaffa seg eigen datamaskin, og alt tidleg på 80-talet hugsar eg at han lagde sitt eige bridgespel på ei Commodore-maskin, altså i ei tid då lagringskapasiteten til datamaskinane knapt nok kunne målast i megabyte. I det heile tatt var spel noko Svein interesserte seg for, så pass at eg tykte han gjorde seg fortent til tittelen Magister Ludi, "spillenes mester". Bridge stod nok aller høgast i kurs, det var ei interesse han visstnok delte med dei fleste frå Trædalen. Etter kvart utvikla han også kunstnarlege interesser og laga ikkje så reint få måleri, gjerne med utgangspunkt i eit landskap, men på sitt beste der dette var tona ned og formene fekk meir gåtefulle meiningar og kunne tolkast i mange leier. Personleg set eg stor pris på bileta han har laga, dei beste går langt utanpå mykje av det som ellers vert anerkjent som betydeleg kunst, ikkje minst ved at dei var så overraskande formelt sett, han fann fram til nokre stemningar som talte direkte til betraktaren, og då om opplevingar som ikkje kan seiast i ord.

Å oppsummere aktivitetane Svein interesserte seg for og gjorde det godt i er nesten umogleg. Eg kjenner ikkje til alle og kan berre nemna dei eg veit litt om. Han var t.d. ein dyktig skyttar, han spelte gitar og trekkspel, han knuste meg eit par gonger i sjakk og let meg ikkje gløyma det, og i seinare år vart han til og med forleggjar. Han laga ei fabelaktig flott slektsbok som er av stor historisk og allmenn interesse, den vart endåtil innkjøpt av Kongressbiblioteket i USA. Han var også i gong med ei anna lokalhistorisk bok, men arbeidet vart ikkje fullført. Det ein merkte seg med Svein, som typisk ved alle aktivitetane, var dei umåteleg høge krav han stilte til seg sjølv. Alt skulle vera nøyaktig og riktig, det fanst ikkje rom for slurv anten det gjaldt produksjonen av fikenvin, teiknsetjing i slektsboka eller den munnlege uttrykksforma i samtaler. Han var det mest velformulerte menneske eg har møtt, noko som sjølvsagt gjorde at andre også tykte dei måtte skjerpa seg, i alle fall hadde eg glede av å føla det slik. Sansen for den elegante og vittige formuleringa, kombinert med evna til presis attgjeving, gjorde han til ein glimrande forteljar og eit sosialt midtpunkt. Han var raus og vennesæl og open for fabuleringar om alt mellom himmel og jord, kunnskapsrik, intelligent og humoristisk og samstundes omsynsfull og taktfull, engasjert og kjærleg som far og ektemann og den beste kamerat ein kunne ønska seg.

Når ein ser på kva han utretta på sine 44 år på denne planeten, er det lett å kjenna seg liten og tiltakslaus i samanlikning. Det største saknet er likevel ikkje prestasjonane, dei lever jo på sitt vis vidare, men personen. Det er så mykje ein skulle ha takka han for. Oppmuntrande ord, sut for andre sitt ve og vel, djup innsikt, så vel som lystig samvær, spirituell guiding opp til fiskevatnet ved Trædalsstølen, det varme og humørfylte nærværet, sansen for det gode i livet, den sikre smaken som var så velsigna fri for snobbing, alt dette me tok for gitt og utan å tenkja over det, det var jo Svein, slik berre han kunne vera.

Det er sant at ein ikkje veit kva ein har før ein misser det. Tanken går difor først og fremst til dei som stod han nærast, som fekk leva i lag med han og som no kjenner saknet som noko heilt uuthaldeleg. Og når alt kjem til alt er det ekstraordinære mindre verd enn det ordinære. Det at han var til, ein snill og trygg far, husbond, son, svigerson og bror, ein påliteleg og god venn, var sjølvsagt det viktigaste.

Det kjennest tafatt og utilstrekkeleg å berre kunna lysa fred over det rike og gode minnet etter Svein Trædal.

Odd W. Surén